Om skulen

Hosanger Montessoriskule – ein inkluderande skule der læring er eit felles ansvar

Skulen vår

Hosanger Montessoriskule er ein 1.–7. skule som starta opp hausten 2003. Skulen held til i tidlegare Mjøsdalen grendaskule, som vart lagt ned i 2002. Etter initiativ frå lokale ildsjeler vart det etablert ein privat grunnskule med montessoripedagogikken som fundament for opplæringa. Sidan oppstarten har skulen utvikla seg til å bli eit pedagogisk alternativ for elevar frå heile kommunen. Skulen er godkjend for inntil 63 elevar.

Montessoripedagogikken

Ved Hosanger Montessoriskule er montessoripedagogikken grunnlaget for undervisninga. Elevane arbeider i førebudde miljø og får moglegheit til å utvikle sjølvstende, ansvar og lærelyst. Pedagogikken legg til rette for fordjuping, meistring og læring i eige tempo.

Skule- og læringsmiljø

Eit trygt og godt skulemiljø er ein føresetnad for læring og trivsel. Ved Hosanger Montessoriskule arbeider me systematisk og førebyggjande for å sikre at elevane opplever at det er trygt og godt å gå på skulen. Me legg vekt på at elevane sjølve skal vere med og forme læringsmiljøet sitt, og at alle har eit ansvar for fellesskapet.

Skulen har særleg fokus på verdiar som respekt, mot, toleranse og ansvar. Gode relasjonar er ein viktig del av arbeidet med trivsel og læring. Gjennom gruppebyggingsaktivitetar, felles ansvar for skulen sitt miljø og samarbeid i kvardagen får elevane øve seg på samspel og relasjonar. Dei vaksne er tett på elevane, følgjer med i kvardagen og hjelper til med å førebyggje og løyse konfliktar på ein trygg og konstruktiv måte.

Tilsette og styre

Skulen har tilsette med både pedagogisk kompetanse og engasjement for montessoripedagogikken. I samarbeid med styret arbeider skulen kontinuerleg med utvikling av både det pedagogiske arbeidet og skulemiljøet. Styret har ansvar for den overordna drifta av skulen og samarbeider tett med leiing og tilsette.

Praktisk informasjon

Hosanger Montessoriskule er ein 1.–7. skule med ein oversiktleg og strukturert skulekvardag. Den ordinære skuledagen varer frå kl. 08.45 til 14.30, med tilbod om SFO frå kl. 07.30. Skulen har òg leksehjelp og SFO på ettermiddagen.

Undervisninga er organisert i to lengre arbeidsøkter, med lunsj og utetid mellom. Denne strukturen gir elevane moglegheit til fordjuping, samstundes som det er rom for bevegelse, mat og sosialt samspel i løpet av dagen.

Alle elevar får tilbod om mat på skulen kvar dag. Måltida er ein naturleg del av skulekvardagen og bidreg til både fellesskap og gode rammer rundt læring.

For meir detaljert informasjon om skulekvardagen, rutinar og praktiske ordningar, viser me til eiga side om praktisk informasjon.