Skulekvardagen

Skulekvardagen ved Hosanger Montessoriskule er bygd opp for å gi ro, samanheng og tid til læring. Faste rammer og tydeleg struktur gir elevane tryggleik i kvardagen.

Lange arbeidsøkter – tid til fordjuping

Eit sentralt prinsipp i montessoripedagogikken er at barn lærer best når dei får arbeide konsentrert over tid. Difor er skuledagen ved Hosanger Montessoriskule organisert med lange arbeidsøkter, i staden for mange korte timar.

Elevane får høve til å:
– gå i djupna i arbeidet sitt
– fullføre oppgåver utan å unødvendige avbrot
– utvikle konsentrasjon og indre motivasjon

Denne arbeidsforma legg til rette for ro i klasserommet og gjev elevane ei oppleving av mestring og samanheng i læringa

Skuledagen

Skuledagen er bydt opp i to arbeidsøkter:
– Ei lenger arbeidsøkt på 3 timar
– Ei litt kortare arbeidsøkt på 1,75 timar

Mellom arbeidsøktene er det felles lunsj for alle elevane og utetid.

Arbeid i eige tempo – med rettleiing
I arbeidsøktene arbeider elevane med individuelt tilpassa oppgåver og montessorimateriell. Elevane har høve til å velje arbeid innanfor tydelege rammer, og tilpassar tempoet etter eigen progresjon.

Læraren har ei aktiv rolle gjennom observasjon og rettleiing, og støttar elevane når det er behov. Dette gjer at kvar elev kan utvikle seg fagleg og sosialt i sitt eige tempo.

Pausar, uteleik og bevegelse
For å støtte konsentrasjon over tid, er pausar og fysisk aktivitet ein viktig del av skuledagen. Elevane er ute kvar dag, og pausane gir rom for både frileik og rørsle.

Rørsle er ikkje berre avbrekk frå læring, men ein viktig del av elevane sin utvikling. Det tilrettelagte miljøet gjev rom for at elevane kan bevege seg fritt rundt i lærinisrommet, både ute og inne.

Gjennom leik, aktivitet og samspel får elevane overskot og energi til vidare arbeid i arbeidsøktene.

Praktisk arbeid og læring i kvardagen
Dei lange arbeidsøktene gir rom for meir enn fagleg arbeid. Elevane deltek aktivt i samfunnsarbeid i skulekvardagen, og tek ansvar for meiningsfulle oppgåver som er nødvendige for fellesskapet.

Dette kan vere oppgåver som å rydde og halde orden i arbeidsromma, reparere eller ta vare på materiell, kvesse blyantar, støvsuge fellesareal eller delta i førebuing og rydding i samband med måltid. Slike oppgåver er ein naturleg del av skuledagen og gir elevane erfaring med praktisk ansvar og samarbeid.

Gjennom samfunnsarbeid får elevane oppleve at arbeidet deira har verdi for andre. Dei lærer å ta ansvar for miljøet rundt seg, utviklar respekt for felles ressursar og får forståing for korleis eit fellesskap fungerer. Arbeidet styrkjer både sjølvstende, initiativ og kjensla av å høyre til i skulemiljøet.