Kven kan søkje?
Hosanger Montessoriskule er eit pedagogisk alternativ for familiar som ynskjer montessoripedagogikk som grunnlag for opplæringa.
Skulen er open for elevar frå heile landet. Skulen er godkjend for inntil 63 elevar fordelt på 1.-7.trinn.
Når kan ein søkje?
Det er hovudinntak i forkant av nytt skuleår 1.februar kvart år. Det er mogeleg å søkje skuleplass fram til 25.september dersom det er ledige plassar. Unntak for elevinntak etter 25.september er dersom barnet er nytilflytta etter denne datoen i den gamle skulekrinsen til Mjøsdalen skule.
Opptakskriterium
Opptak ved Hosanger Montessoriskule skjer i samsvar med gjeldande regelverk for private skular. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, vert det gjort prioriteringar i tråd med skulen sitt inntaksreglement.
