Kva er montessoripedagogikk?
Montessoripedagogikk er ein pedagogisk tilnærming som tek utgangspunkt i barnet si naturlege lyst til å lære. Undervisninga er tilpassa kvar elev sitt utviklingsnivå og tempo, og byggjer på respekt for barnet som eit sjølvstendig og kompetent menneske. Gjennom struktur, orden og tilrettelagd læringsmateriell får elevane høve til å arbeide konsentrert, utforske fagstoff og ta ansvar for eiga læring.
Det førebudde miljøet
I montessoripedagogikken spelar det førebudde miljøet ei sentral rolle. Læringsmiljøet er nøye organisert med tydeleg struktur og orden, slik at elevane lett kan orientere seg og arbeide sjølvstendig. Materiellet er tilpassa ulike fagområde og utviklingsnivå, og er tilgjengeleg for elevane slik at dei kan velje arbeid, fordjupe seg og øve over tid. Eit ryddig og oversiktleg miljø gir ro, fremjar konsentrasjon og støttar elevane i å ta ansvar for eiga læring.
Læring i eige tempo og ansvar
I montessoripedagogikken får elevane arbeide i eige tempo, ut frå eigne føresetnader og interesser. Dette gir rom for både fordjuping og meistring, og bidreg til at elevane kan oppleve glede og motivasjon i læringsarbeidet. Samstundes lærer elevane å ta ansvar for eiga arbeidsøkt, val av materiell og gjennomføring av oppgåver. Gradvis utviklar dei sjølvstende, konsentrasjon og tru på eigne evner.
Aldersblanda grupper
I aldersblanda grupper lærer elevane saman på tvers av alder og fagleg nivå. Dette gir naturlege høve for samarbeid, hjelp og læring mellom elevane, der dei eldre ofte fungerer som rollemodellar for dei yngre. Samstundes får dei yngre inspirasjon og tryggleik i møte med meir erfarne elevar. Aldersblandinga styrkjer fellesskapet, fremjar sosial kompetanse og gir elevane erfaring med ansvar og omsorg for kvarandre.
Læraren si rolle
I montessoripedagogikken har læraren rolla som rettleiar og støttespelar i elevane sitt læringsarbeid. Læraren observerer, følgjer utviklinga til kvar elev og gir rettleiing når det er behov. Gjennom å stille spørsmål, vise materiell og skape gode rammer, legg læraren til rette for at elevane kan arbeide sjølvstendig og utvikle ansvar for eiga læring. Relasjonen mellom elev og lærar er prega av tillit, respekt og tett oppfølging.
Going out
I montessoripedagogikken er Going Out ein viktig del av undervisninga. Going Out inneber at elevane, etter kvart som dei blir eldre og meir sjølvstendige, får planleggje og gjennomføre aktivitetar og læringsoppdrag utanfor skulen.
Gjennom Going Out knyter elevane læringa til verkelegheita rundt seg. Dei kan til dømes oppsøkje bibliotek, museum, bedrifter eller offentlege instansar, og bruke lokalsamfunnet som ein aktiv læringsarena. Elevane arbeider med planlegging, samarbeid, ansvar og gjennomføring i praksis.
Som ein del av Going Out kan elevane også arbeide med elevbedrift og praktiske oppdrag. Dette kan vere oppdrag i nærmiljøet, til dømes hagearbeid, enkle tenester eller anna praktisk arbeid hjå private eller i lokalsamfunnet. Slike aktivitetar gir elevane erfaring med arbeidsliv, ansvar, økonomi og samhandling, og styrkjer forståinga av samanhengen mellom skule og samfunn.
Going Out og elevbedrift bidreg til å utvikle sjølvstende, sosial kompetanse og initiativ. Aktivitetane er alltid godt førebudde og tilpassa alder, modning og tryggleik, med tett rettleiing frå vaksne.
Montessoripedagogikk i praksis hos oss
Hosanger Montessoriskule har arbeidd etter montessoripedagogiske prinsipp sidan 2003. Gjennom åra har skulen utvikla ein stadig tydelegare montessoriprofil, basert på erfaring, refleksjon og fagleg utvikling. Me har som mål å byggje eit kollegium med montessorikompetanse, og legg vekt på at undervisninga skal vere forankra i montessoripedagogikken både i innhald, arbeidsmåtar og haldningar.
I praksis betyr dette at elevane får øve seg i å ta ansvar – for eiga læring, for fellesskapet og for skulen sitt fysiske og sosiale miljø. Samfunnsarbeid og deltaking i felles oppgåver er ein naturleg del av kvardagen, og bidreg til å styrkje både sjølvstende og fellesskap.
Dette er i tråd med skulen si visjon:
Hosanger Montessoriskule – ein inkluderande skule der læring er eit felles ansvar.
