Elevinntak

Hosanger Montessoriskule er for deg som ynskjer eit pedagogisk alternativ med fokus på ei heilskapleg utdanning, der barnet står i sentrum.


Skulen er gratis

Skulen er gratis for alle. Me gjev tilbod om mat og frukt til elevane kvar dag. Dette kostar 450,- per månad.


Heildagsskule

Me har heildagsskule, det vil seie at elevane har ikkje ordinære lekser, men er på skulen frå 08.45 til 14.30.
Me har òg tilbod om leksehjelp alle dagar frå 14.45 til 15.15.

Skulen er open for elevar frå kl. 08.00 om morgonen.


SFO

Me har òg tilbod om SFO for alle elevar frå kl. 07.30–08.00 og frå kl. 15.15–16.00.


Søk skuleplass

Her kan du søkje om skuleplass ved Hosanger Montessoriskule.
Me har elevinntak fram til 25. september.

[Søk skuleplass]